På post i østerled. Refleksjoner om utviklingen i Russland og forholdet til vårt naboland

Torsdag 16. april kl. 11.00 kommer Ambassadør Øyvind Nordsletten og foreleser om: På post i østerled. Refleksjoner om utviklingen i Russland og forholdet til vårt naboland.

Øyvind Nordsletten (fødd 1. juni 1944 på Bryne) er ein norsk diplomat som har hatt fleire ambassadørplasseringar og leiarstilingar i embetsverket.

Nordsletten gjekk inn i den norske utanrikstenesta i 1974. Frå 1977 til 1979 var han attaché og seinare andresekretær ved den norske ambassaden i Tyrkia. Nordsletten var førstesekretær ved den norske ambassaden i Russland i tida 1979–1982, og var ambassadør der i perioden 2000–2008. Verkeområdet hans omfatta også Armenia og fem land i Sentral-Asia. I tida 1992–1996 var han norsk ambassadør i Ukraina og Kviterussland. I 2008 blei han utnemnd til ambassadør i Irland der han var til 2011. Frå 2011 til 2013 var han Generalkonsul i Murmansk.

Nordsletten blei utnemnd til æresmedlem i Norsk-russisk handelskammer i 2008 for sitt bidrag til å forbetra norsk-russiske forretningstilhøve.

Som utflytta jærbu har Nordsletten halde kontakten med heimstaden Time. Saman med kona Åslaug Undheim flytta og restaurerte han eit over hundre år gammalt jærhus, «Arkjå».


Kilde: http://nn.wikipedia.org/wiki/%C3%98yvind_Nordsletten