Pensjonistuniversitetet Stavanger

Kunnskap kjenner ingen alder

Norge Baltikum – fra kulde til varme

Onsdag 21. februar kl. 11.00 kommer advokat og forfatter Hege Boman Grundekjøn og foreleser om:  Norge Baltikum – fra kulde til varme

På nettsiden til Bokbyen ved Skagerrak står det skrevet:

Hege Boman Grundekjøn får den høgaste orden det er mogleg å få i Latvia, Cross of Recognition. Ho får den gjeve ordenen overrakt av president Raimonds Vējonis i Riga 18. mai.

Hege, som vi også er så heldige å ha som styremedlem i Bokbyen Drift AS, får denne heideren for meir enn 25 år med aktivt og grundig arbeid for Latvia, latvisk kultur og latvisk-norske samarbeidstiltak. Blant dei mange sakene ho har arbeidd med er finansiering til renovering av delar av det flotte nasjonalmuseet for kunst i Riga, der ein av utstillingssalene blei oppkalt etter henne i 2001.

Ho har gitt ut boka «Latvia med Knut Hamsun og Kārlis Padegs» (2009) og nå i vinter kom den innhaldsrike og svært interessante «Norge-Baltikum – fra kulde til varme» på Gaveca Forlag i Arendal. Denne boka er eit vitnemål om langvarig og langsiktig byggande arbeid i og for alle tre baltiske landa. Det er også vel fortent at Hege Boman Grundekjøn får den høgthengande medaljen The Medal of Merit i Tallinn 18. mai. Også der er det langvarig arbeid som er grunngjevinga, med blant anna det viktige engasjementet for å ta vare på minna om at den estiske eksilregjeringa blei formalisert i Oslo i 1953.

Kilde: http://www.bokbyen-skagerrak.no/gratulerer-hege-boman-grundekjon/