Onsdag 18. oktober kl. 11.00 kommer førsteamanuensis i statsvitskap Svein Tuastad for å forelese om temaet: Val i krisetid. Den historiske betydninga av lokalvalet i 2023
Medan mange val inneheld få overraskande, nye trekk, er andre val som jordskjelv. Nokre val kan vi i ettertid sjå at skapte eit nytt politisk landskap.
Kva er særtrekka ved lokalvalet i 2023? Kva for rolle vil historiebøkene kunne seie at dette valet spelte?
Bakteppet til valet er ulike former for kriser. For det første, dette er det første norske valet etter at angrepskrigen til Russland i Ukraina sette tryggleiken til eit heilt kontinent i spel og utløyste ei energikrise. I kjølvatnet oppstod faren for ei djup økonomisk krise. Ein annan type krise er politisk og gjeld den historisk svært låge oppslutnaden for Arbeiderpartiet. Eit tredje mogleg demokratisk krisetema, gjeld kva ein ny mediesituasjon har å seie for måten valkampen fungerer på og for kvaliteten i den politiske diskusjonen.
Desse spørsmåla vil førsteamanuensis i statsvitskap, Svein Tuastad ved Universitetet i Stavanger, belyse. Hans forskingsfelt er norsk politikk, velferdspolitikk og demokrati-utviking. Den siste boka hans er Sosialpolitikk på norsk (2022).